Langeset gard

Ku som nyter finværet
Langeset gard logo

Tilbake til røtene

Solnedgang på garden

Det starta med ein draum om sjølvberging. Om uavhengighet og rein mat. Om å ta vare på familiegarden og tradisjonar som betyr så mykje for oss.

Langeset gard ligg i Nordfjord, ca 8 km vest for Stryn Sentrum. Garden er på omlag 800 mål, der mesteparten er skogeigendom med noko kultureng og beite. Produksjonen er ammekyr med salg av livdyr og framfôring, samt skogsgris. Lokalmatprodukta våre kan du kjøpe direkte frå garden, eller på REKO-ringen i Stryn.

Tilbake til Røtene

Vårt motto er «tilbake til røtene», i dobbel forstand. Vi vil vidareføre tradisjonar som er arva gjennom generasjonar. Å hauste litt av overskotet, samtidig som vi gir noko tilbake. Vi brenn for å lage god mat med ekte, reine råvarer. Men for å skape god og sunn mat, må vi også ha gode røter og god jordhelse.

Kort fortalt jobbar vi for å produsere det beste for deg, dyra og jorda vår.

Bilde av garden