Langeset gard

Familien på tur i skogen

Om oss og garden

Bilde av Tor Jørgen og Gunn

Gunn og Tor Jørgen har vore bønder på Langeset sidan 2017. Utanom å vere bonde tek Tor Jørgen på seg strø-jobbar i periodar det er rolig i gardsdrifta. Gunn jobbar også som fysioterapeut, PT og kosthaldsrettleiar på Gym Stryn. Saman er vi eit bra team som utfyller kvarandre godt i gardsbedrifta sine arbeidsoppgåver.

Det har truleg budd folk på garden sidan vikingtida, og det gamle sveitserhuset vart bygd som ein skysstasjon for den Trondhjemske postveg på slutten av 1880-talet. Dåverande byggherre søkte lykka i Amerika, så huset vart vidare berre nytta som våningshus.

Bilde av Ask og garden