Langeset gard

Ku i blomstereng

Vår filosofi

Tilbake til røtene

Vårt mål er å forvalte jorda på best mogleg måte og optimalisere økosystema gjennom samspelet mellom menneska, dyra og landskapet.

Nærleik til dyra og naturen er viktig for oss, og vi ønskjer å etterlate omgjevnadane i betre stand til dei som kjem etter. Vi forsøker å vere miljøbevisste, og strekker oss heile tida mot å minimere bruken av fossil energi. Gjennom målretta beiting brukar vi dyra som hovudverktøy til å bygge jorda og landskapet. Alle dyra på garden har ein jobb å gjere i tillegg til å produsere mat. Og hovudjobben til oss bønder er å sørge for at alle arbeidarane våre har det godt og er på riktig plass til riktig tid.

Bilde av gris på tunet
Kyr på tunet

Sidan 2018 har vi jobba målretta mot å bli ein regenerativ gard. Definisjonen på eit regenerativt landbruk er å «Muliggjøre høyeste tenklige vitalitet i økosystemene samtidigt som menneskelige behov tilfredstilles effektivt». Vi brukar rammeverket «Holistic management» til å sjå heilheiten og ta riktige beslutningar for framtida vår. Dette innebærer å lære oss å «sjå det store bildet» og definere kor vi vil. Det innebærer også konkrete planleggingsverktøy for beiting, økonomi og landskapet, noko som er nyttig for nå måla og evaluere framgong. For ein gard er ikkje regenerativ før den er blitt betre.

«Å bli betre» i eit globalt perspektiv kan bety meir lagring av karbon i jorda, eit betre vasskretsløp, mindre jorderosjon og «ørkenifisering», djupare røter med mykje mikroliv som gjev ei god jordhelse. Og som samla sett kan vere ein del av løysinga på klimautfordringane vi no står ovanfor.

Vi trur på at regenerativt jordbruk er framtida!