Grasfôra storfekjøt
Vi sel grasfôra storfekjøt av rasen Tiroler Grauvieh. Dette er ein gammal ur-rase som har opphav frå fjella i Tirol i Østerrike. Rasen er hardfør og fungerer perfekt som «kulturlandskapspleiara». I tillegg er den kjent for å ha god kjøttfylde. Våre dyr går ute på beite heile sommaren og hausten, og så mykje som mogleg ellers av året.
Sjå prisliste for oversikt over stykningsdelar. Har du spesielle ønskjer, kan du kontakte oss for forhandsbestilling før vi sender dyra til slakt.